13 daga

No e mannen sendt til Utica for site gang i sommar. Der skal han vere i 13 daga før me fe gjenforenast. Må innrømme at ej syns det e rett ut bedritent når han må reise og ej kan sitte i timesvis å berre syns syndpå mej sjøl meda ej stappa i mej sjokolade og is meda tårene renne i strie strauma slik at ej må innta ekstra væske for ikkje å bli dehydrert. Alle planane om vasking og rydding blir sjelden noke av til fordel for sjølvmedlidenheita og den dårlige sjølvkjensla fe sej derfor enda en knekk. For en herlig dårlig sirkel. Dinne gangen e der derimot litt annleis. Om berre noken få daga kjeme papsen, bonusmammaen og to trollunga på besøk! Ei veke i NYC blir hektisk og veldig kjekt! Fe håpe på fantastisk vær og mykje action. Verte uansett veldig godt å knipe trollungane i kinna meda en fortelle dei kor store dei he blitt! Godaste gulltrolla mine ❤

Kommenter innlegget

Siste innspurt

IMG_3701 Ej he plutselig forstått gleda av å fikse neglene med proffe folk. Ikkje berre føle en sej mykje bedre, men alle antrekka verta so mykje finare også. Sjukt praktisk! Vidare so gleda ej mej SJUKT til disse to kjeme på besøk i sommar! Blir so kjekt å vere vere med på galskapen disse to he føre sej ❤ IMG_3694 Noken hadde planta fine tred ikkje longt frå der me bur og sida dei e rosa so lika ej dei. IMG_3679 Kan meddele at ej he kjøpt (og montert heilt sjøl) en pult og ei bokhylle. Me he so mykje bøke no at den lisje me hadde va bjynde å bli grusomt marginal. IMG_3672   Ditte sto på døra inn til den delen av biblioteket som kun e for faculty staff og graduate studenta. Ej tenke at viss du ikkje skjønna at det e slik en åpna ei dør so e du kanskje på feil plass i utgangspunktet. IMG_3669   Og viss du noken gong kjeme over disse karamellene so må du prøve dei for dei e SNYTA gode! IMG_3654

Ellers so e det siste innspurt for ditte semesteret no. 4 veke igjen til me he fullført første året av kvart vårt masterstudie. Utrulig or fort tida he gått! Me kos oss, sjølom det både e vanskelig og konstant utfordrande på so utrulig monge område. Men mest av alt so lære me begge utrulig mykje og trivst veldig me det me gjer her borte.   Until next time….

Kommenter innlegget

Det beste med å oppholde sej i USA

Det beste med å oppholde sej i usa e at våren ikkje e 2 mnd med 7-10 grade og iskald nordavind. Istaden går det fra minusgrade og snøv til +17 på 3 veke! GOTTA LOVE IT! 

BildeBilde

Kommenter innlegget

Når du ikkje veit kar du skal bjynde

HE du noken gonga hatt følelsen av å ha so mykje å gjere at du ikkje heilt veit ka ende du skal bjynde i? Well, welcome to my world! I dag hadde vi 4 biomekaniske problem so skulle vere løyste til dagens undervisning, i morga e det midterm til applied physiology, innen torsdag må vi ha levert en poster presentation til printing og presentasjonen skal holdast på tirsdag neste veke. I løpet av dinne veka skal også en labrapport i biomekanikk skrivast og et seminar i samme fag skal planleggast. I tillegg he vi online-lecture med medfølgande quiz so skal inn. På fredag skal ej bake med ei so budde ved sida av oss før for lisjeguten deira blir 1 år (å herregud! ej må kjøpe gave!!!!!). På laurdag e det selskap og på søndag kjeme mannen heim (hvilket e ei glede meir enn noke anna!). Innimylla her må også leiligheitavaskast og ryddast og kleda må vaskast- for no hekje ej fleire reine truse.

Sikkert monge so kjenne sej igjen i min situasjon akkurat no. Uheldigvis for mej so hjelpe det ikkje at en ikkje føle sej på topp med ingen matlyst, medfølgande kvalme på grunn av svolt og influensasymptom i aust og vest. E det EN ting ej ikkje he tida til no so e det å bli sjuk so kjære bakteriefaen: skygg bana!

IMG_3331

 

UNNA VEI, HER KOMMER JEG – MED RUMPA FULL AV LEVERPOSTEI! …..savna forresten leverpostei…

Kommenter innlegget

Å skape si eiga lykke

Akkurat no e kjæresten min i Norge. Han skal vere vekke i totalt 8 daga og uten det heilt store sosiale nettverket her so syns ej av og ti at det kan ver utfordrande å vere aleine heime, spesielt over tid. Derfor he ej funne ut at det e viktig å skape si eiga lykke. So i dag bestemte ej med for å gå opp på Whole Foods, noke ej he hatt lyst til lenge. Det e ca 35-40 minutt å gå i normalt tempo frå der vi bur. Ej tok med mej sekken go gjekk. Det va en nydelig dag i dag med sol go 15 varmegrade! Det endte med at ej fann lykke i eige selskap, sant nok nokre dollar fattigare, men det va i dag verdt. Noken bilde:

IMG_3491 IMG_3492 IMG_3498 IMG_3499 IMG_3502 IMG_3503 IMG_3505 IMG_3507 IMG_3508 IMG_3509

Kommenter innlegget

Liste over ting ej skal gjere når ej kjeme heim til Norge

Etter vel et  halvt år på amerikansk grunn bjynde ej å kjenne på alt ej tok for gitt når ej budde i Norge, men som ej tydeligvis satte større pris på enn ej trudde. En kan tenke sej at en kan få ALT i Amerika. Det e feil. Det e mykje en kan få her, men HERREFRED kor mykje ej savna. So her e ei liste over ting ej skal gjere når ej kjeme heim til Norge, og ikkje minst Volda, dinne sommaren:

– Ete grilla kylling og potetsalat (type creme fraish fra Denja)

– Drikke litervis med ekstra-lett melk

– Gå på fjellet so ofte ej kan.

– Trene på Tren Volda (eller Stamina Hot…Tren e Tren- Stamina eller ei)

– Kjøre bil!

– Få servert deilig mat med ne mormor

– Lage gele og ete eple ut me ne farmor

– Handle på Cubus (fordi ej kjeme til å syns at alle andre butikka e GRISEDYRE)

– Irritere mej over drithøge alkoholprisa

– Bruke so mykje tid ej kan atme verdens aller beste jenteflokk

– Ikkje tenke på skule so mykje som et sekund

– Hente en hau med sko so ligge lagra i kjellaren hinna farmor. Disse skal ej ta med mej tilbake til USA

– Sykle

– Gå overalt

– Snakke norsk med alle

– Ete norske brødskive med kaviar og kvitost

– Nyte at det ikkje e liftfuktighiet på ca 90%

– Sjå norsk TV

– Gå til jobben ej forhåpentilgvis fe

– Drikke norsk kaffi (kaffi i USa e akkurat som øl’en – kulle like gjerne dråkke vatn)

– Drikke vatn rett frå springen uten å måtte rense det først

– Nyte at det ikkje lukta klor når ej dusja

– Ete vafle med heimelaga sylte

– Ete skive med leverpostei, majones og rødbeta

– Frotse i makrell i tomat med majones og agurk

– Nyte den norske majonesen

– Kjøpe mej ei flaske Solo på flyplassen

– Nyte smaken av norske jordbær

– Gå tur i regnet

– Lese ei bok på norsk

– Irritere mej over at engelske program go filma e teksta

– Forholde mej til OneCall i staden for Verizon

– Bruke so mykje tid ej kan atme søskenflokken

– Bade. UTE! I Rotevatnet….. (shit kor ej kjeme til å angre på at ej skreiv ditte)

– Hekle

– Ete toro tomatsuppe med skive med sjokade til

– Fiske

– Ete fisken

– Gå på tur rundt Rotevatnet

– Gå til tannlegen

Kjeme ikkje på meir akkurat no, men syns ditte e en go begynnelse. Hadla meir om mat enn noke anna ser ej no. Det e kanskje ikkje so bra. So viss dokke kjeme på noke so kan vege opp for all maten so kom gjerne med innspel. 

Kommenter innlegget

Spring «Break»

God kveld, Norge! 

Dinne veka he ej det dei so fint kalla spring break. Ej kalla det undervisningsfri. For ja, vi he fri frå skule, men det betyr IKKJE at en he fri frå skuleARBEID. For i samband med at vi he undervisningsfri so fekk vi ekstra lekse i biomekanikk, må bjynde på 2 presentasjona, en lab-rapport go må lese til en midterm. Kjekt, hæ? 

Bilde

Men nok syting. Studiane e tross alt grunnen til at ej kom hit so det e vel so sjølpåført som det kan bli. Det e rart når en he vore her ei stund. En gløyme liksom at en bur i et anna land. Plutselig so slår det mej at ej bur i USA. Då blir ej litt sjokka og tenke: KORLEIS skjedde det? 

Amerikalivet består stort sett av skule og atter skule. Det e utrulig lite spennande so skjer om ej må få sei det rett ut. Innimylla teke ej turen til NYC for litt forandring, men i det siste he det blitt heller sjelden. I byen går vi stort sett ut å ete, går på en fest, ser ei forestilling eller vasa rundt i butikka. Egentlig akkurat det samme som ej ville gjort  Bergen, det berre teke litt lenger tid å komme sej frå A til B i New York. Må innrømme at ej ikkje he vore på en skikkelig college-fest enda. Hekje vore på et skikkelig college-arrangement heller. For det første so e det større forskjell på undergrad-studenta og grad-studenta enn en skulle tru. Ditte gjelde sjølsagt ikkje alle, det må berre seiast  – sopass fair må ej nesten vere. 

Oppholdet her e longt frå sånn ej hadde sett det for mej. Det ekje dårlig, berre annleis enn ej trudde det kom til å bli. Det e….vanlig. Overraskande vanlig. I tillegg trudde ej kanskje at alle kom til å bu på campus, men realiteten e at alle i klassa mi bur minst 30 minutt med bil frå skulen – alle som en e pendlara, inkludert mej sjøl. på den måten so sjåast en kun når en kjeme på skule for å ha undervisning og ikkje i det heile tatt utenom. På den måten kan det vere litt vanskelig å ha et sosial liv utenom det som skjer i det tidsrommet en faktisk e på skule. Det merkast også. Erfaringa e også at folk e fæle til å avlyse avtala, ikkje holde det dei lova osv. Spesielt. Kanskje ej faktisk må finne mej norske venna. For det e andre norske på skulen min, ej berre vekkje KAR dei e. Det står so fint i dinne artikkelen om Norge og Nordmenn http://adventureawaits.dohop.com/norway-the-most-beautiful-country-in-the-world :

Despite common belief, Norwegians are not unfriendly nor arrogant. In fact, once you make a Norwegian friend, chances are you have one for life. The vikings are loyal and genuine by nature, however you must first make an effort to pierce through their Scandinavian wall of stand-offishness. The reward will be great, I assure you.

Du kan ikkje forvente det samme frå monge her borte. Mykje ord og mykje snakk, men heller få he tid til nye venna og bekjente i dei hektiske liva sine. Det e vertfall mi erfaring (og kan strengt tatt ikkje generaliserast). Ej må understreke at heller ikkje ditte gjelde alle. Folke e veldig kjekke og hyggelige, men en kan aldri heilt vite om det e reelt eller om det e fake. Ingenting vondt om folk flest her. Ej he enda ikkje møtt et ondt menneske. Folk flest e veldig hyggelige, dei spør om korleis du he det (sjølom dei egentlig ikkje bryr sej om svaret), dei helde døra for dej, smile, ønska dej en god dag, levera alle pakka so kjeme i posten på døra og e veldig hjelpsame berre en spørr. Viss en klare å legge dei djupare tinga frå sej so e ditte ting so e med på å gjere dagen din god! En føle sej sett – skal ikkje kimse av det. Dei e gode på det her borte. 

Bilde

Nå måkje dokke sitte å tenke at det e grusomt å gå på skule i USA fordi det e det virkelig ikkje og ej angra ikkje det spor på at ej reiste hit. Det e en opplevelse ej ikkje kunne tenke mej å vere uten! Men det vart ikkje slik ej hadde tenkt. Det vart annleis, både positivt og negativt. Ej hadde kanskje urealistiske forventninga? Kanskje trudde ej dårligare om mej søl enn ej hadde grunn til? Kanskje. Men en ting e sikkert, Det e utrulig lærerrikt å studere i et anna land! Ej lære utrulig mykje om mej sjøl og andre kvar dag. Ej utvikla mej, blir bedre, klokare og meir reflektert kvar dag. Det e godt å oppleve at en lære noke nytt – kvar einaste dag. Det e godt å mestre ting en ikkje trudde en kom til å mestre. Det e kjekt å få bedre resultat enn en antok at en kom til å få. Ditte e ting ej kanskje aldri ville få opplevd heime i Norge. Ditte e lærdom ej kanskje aldri hadde fått haddikkje ej reist. Ditte e minne og erfaringa ej vil sette pris på for resten av mitt liv! Det e ganske flott å tenke på. 

Bilde

 

Ser du bæsjen?

 

 

Kommenter innlegget

Sein dag i dag

Omsider oppe etter å ha sove heil halv 10!!! på en tirsdag, dokke. Ka det e slags slyestell?

Vertfall, hekje undervisning før halv 7-9 i kveld så då gjelde det å bruke dagen effektivt som en kan. Litt usikker på ka ej skal fylle dagen med i dag. Muligens kan ej føre inn svara på noken (en halv million) spørsmål  i Biologi so skal inn snarane enn ej sikkert anteke. Eller ej kan skrive notata frå ei enttforelesning. Eller begge dele. Velgets kvaler! He tross alt ingen eksamena dinne veka so då kan en gjere ting so en ikkje he tida til å gjere ellers. Eksamensrushet kjeme tidsnok med både en og to i veka (hvilket det allereie he vore i vekesvis).

 

He forresten lyst på en sånn til jul:

IMG_2690

 

Kan en egentlig bake knekkebrød i gassovn?

 

Kommenter innlegget

Masterstudentar i USA

sida sist he det skjedd veldig mykje. VELDIG mykje. So for å få lit orden på sakene so må  ej nesten berre lage ei liste.

– Vi he pakka ihop alle tinga våra og lagra dei med ne farmor.

– Vi he pakka det vi trudde at vi kom til å trenge i kvar sine to kufferta og reist til USA.

– Når vi kom til USA so hadde ikkje vi leiligheit. Det va spennande!

– Vi fekk omsider leiligheit og vi kunne til og med (OMSIDER) flytte inn i den.

– Vi he begge bjynt på kvart vårt masterstudie ej i Exercise ScienceMontclair State University og han i Teater ved Pace University og Actors Studio Drama School.

– Vi he ete pizza

IMG_2604– Fått kjøkkenbenk

IMG_2605– Sett Orlando Bloom i Romeo og Julie

IMG_2646– Ej he baka ei kjempeamerikansk kake

IMG_2675– Vi he laga taco

IMG_2674– Ej he hatt 4 eksamena allerie og skal ha 7 til før semesteret e over

– Ej he klemra mej (spara dokke for verste blodsbilda)

IMG_2651

 

 

– Ej he fått papirpose på varene når ej handla (i monge butikka fe du faktisk velge om du vil ha papir- eller plastpose)

IMG_2671

 

– Ej he pynta veggen

IMG_2668

IMG_2682

 

– Og det va vel det.

– Neida.

– Berre tulla.

– Må spare litt.

– vi he forresten steikje skeivt golv. Det e også spennande.

 

So long..

 

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Då e det definitivt

Vi flytta til USA til hausten. Min kjære sambuar he komt inn på masterprogrammet til The Actors Studio Drama School, noke som i sej sjøl e ekstraordinert. For min del so må ej ta TOEFL-testen og bestå med glans før søknaden min i det heile tatt blir vurdert. So ej ligge litt etter skjema kan en trygt sei. Men uansett ka so skjer med mej og skule so reise vi. Skulestart e tidlig i September so vi burde komme oss over i løpet av august. det går opp for mej litt og litt for et arbeid som venta oss med pakking, flytting, lagring av ting osv. Ka klede skal vi ta med oss? Skal vi sende noke over i konteiner? eller ikkje? Det e mykje osm må tenkast på og vuderast, men mest av alt so gleda vi oss veldig mykje! Vi skal på EVENTYR! 😀

 

2 kommentarar