Bursdagsinnlegg

Gabe-birthday-part

Image via Wikipedia

Først vil ej berre sei; TUSEN HJERTELIG TAKK for alle fine  gratulasjona og gåve! At ej he so monge rundt mej av nære og kjære e nesten rørande. Må innrømme at ej fett en tåreklump i halsen når lisjesystå ringte å song til mej i dagtidlig og avslutta med » Elska dej!!». ÅHH! En kan daude ta mindre. Ej e verdens lykkeligaste!

I høve bursdagen min vil ej gjerne fortelle ei historie om en so ho Mormor brukte å fortelle mej om når ej va liten. Han feira også bursdagen sin. Ej brukte å grine mine MOODIGE tåre fordi han ikkje fekk sjokolade. OFF! Here it goes…

 

 

 

BRUMLE FYLLER ÅR

(Thorbjørn Egner, «Thorbjørn Egners lesebøker 1», 1981)

Den trettande oktober hadde Brumle fødselsdag. Då var han tre år. Det vart ein fin dag for Brumle. Tidleg om morgonen kom Petter og Kari og vekte han. «Til lykke!» sa Kari. «Til lykke!» sa Petter. «Til lykke!» sa vesle Brumle.

Og Brimle fekk gåver. Av Kari fekk han byggjekossar. Av Petter fekk han ein dokkemann. Av mor og far fekk han ein svær, koseleg bamse.

Brumle visste ikkje kva det var å ha fødselsdag. Men då han fekk mange gåver, og alle var så blide, forstod Brumle at fødselsdag var noko svært gildt.  «Meg ha føssesdag kvar dag,» sa han. Men då lo alle saman, for ingen kan ha fødselsdag mein enn éin gong om året.

Om ettermiddagen hadde Brumle fødselsdagslag. Først kom vesle Anne. Ho óg er tre år. Så kom Halvor. Han er fire år. Så kom Sissel. Ho er fem år. Til slutt kom Påsan, som er seks år.

Alle hadde med seg gåver til Brumle. «Her er pakke til deg,» sa Sissel. «Takk,» sa Brumle, for det hadde han lært seg enda han berre var tre år. «eg skal pakke opp for deg,» sa Sissel, «for eg veit kva det er. Det er ei lita eske sjokolade,» sa ho. Sissel tok av papiret og opna eska. «Det er svært god sjokolade,! sa ho. «Ta ein bit, Brumle, så kan du smake kor god han er.» Og brumle tok ein sjokolade. Sissel tok to sjokoladar. Halvor måtte smake, han óg. Anne og Påsan smakte. Sjokoladen var veldig god. Brumle sakte to til. Og Petter og Kari smakte. alle måtte smake. «Meg få sjokolade,» sa Brumle. Men då var det ikkje fleire sjokoladar. Dei andre hadde smakt dei opp. Da vart Brumle lei seg.

«Men sjå her, du Brumle, her skal du få eska,» sa Sissel. «Det er ei veldig fin eske.» Brumle tykte óg at eska var pen. Ho var raud og blå og kvit med bilete på. «Pen eske,» sa Brumle. han tykte det var ei fin gåve.

Av Anne fekk Brumle ein leikehund. Av Halvor fekk han ein bil. av Påsan fekk han ei biletbok med rim og regler.

Mor og far hadde dekt på bordet med brus og kaker og mykje godt. Og midt på bordet sto ei stor blautkake med tre lys på.

Før nokoen fekk smake på kaka, skulle brumle blåse ut lysa. «Puh!» sa han. Han bles ut alle tre lysa på ein gong. «Hurra!» sa Halvor og Anne og Påsan og Sissel og Petter og Kari. «Hurra!» sa Brumle.

Brumle fekk det første stykket av kaka. Så fekk dei andre. Og alle fekk brus og meir kake. Etterpå måtte Brumle stå midt på golvet, mens alle borna stor i ring rundt han og song hurra-songen.

«Hurra-songen»

Vi vil syngje hurra-songen vår

hurra – hurra

for vår venn som er tre år i år

hurra – hurra

Du er snill, du er munter og gla»

munter og gla»

og ein fødselsdagssong skal du ha

hurra – hurra

Du er Brumle heile kroppen

God og grei frå tå til toppen,

ja til lykke med dagen – hurra

hurra – hurra

Den kvelden sovna Brumle god og mett og lykkeleg. han låg med bilen og dokkemannen i den eine armen – og leikehunden og bamsen i den andre. Ved sida av seg i senga hadde han biletboka og den pene sjokoladeeska.

Advertisements
  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: